Spelade
-
Vi veit veldig lite om Magnus Lagabøter. Årsaka er at sagaen om han, som vart delvis skriven medan han levde, har gått tapt. Men vi veit frå andre kjelder at Magnus fekk undervisning i fransiskanarklosteret i Bergen. Kva veit vi om klostervesenet i Norge – når fekk vi kloster og kva betydde det intellektuelt og økonomisk for det norske riket i høgmellomalderen? Og kva veit vi om fransiskanarane og deira klostervesen både i Europa og i Norge?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Magnus Lagabøters Landslova regulerte verdslege saker i det norske riket. Åndelege saker vart handsama av kyrkja i kyrkjelege domstolar, der ein dømte etter kanonisk rett. Men kva var kanonisk rett? Korleis oppstod den, kva forhold regulerte den, korleis prega den europeisk samfunns- og rettsutvikling i høgmellomalderen, og kva var relasjonen til kristenretten?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Anders Winroth, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Landslova vidareførte St. Olavs lov. For Olav den Heilage si lovgjeving på Moster i 1024 ser i høgmellomalderen ut til å ha vorte rekna som opphavet til norsk rett. Korleis vart denne krigarkongen utgangspunkt for utviklinga av idealbiletet av kongen som skapar fred gjennom lov og rett, korleis kom forteljinga om hans liv og død til å endre synet på styrke og veikskap, og korleis kom kristninga til å skape eit nytt bilete av familien som igjen vart fundamentet for ei ny samfunnsordning?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Kristin Aavistsland, professor ved MF vitenskaplig høgskole. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, og ein åndeleg del der biskopen hadde same rolle. Det var likevel inga enkel og opplagt grense mellom dei to delane av den framveksande statsmakta. Kva politisk, økonomisk og åndeleg rolle spela kyrkja i høgmellomalderen – korleis var kyrkja med å forme den framveksande statsmakta, korleis prega den jordgodsdanning og handel, og korleis prega kyrkja, som var til stades overalt gjennom lokalkyrkjene, folk sin kvardag?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Sigrun Høgetveit Berg, fyrsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå fyrste halvdel av 1100-talet til fyrste halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit middel til å unngå slikt elende for landet. Magnus Lagabøte presenterer i Landslova sjølv borgarkrigane som ein av grunnane til at det var behov for ny lovgiving. For ut av borgarkrigane vaks det eit nytt kongsideal – konge som rex justus som sikra undersåttane rettferd, fred og velstand. Men kva var borgarkrigane, kva var eigentleg dette nye kongsidealet, og korleis kom det til å fungere i praksis?
Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Hans Jacob Orning, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.