Avsnitt
-
Kva slag prinsipp la dei vekta på, dei som utforma dei eldste lovene våre? Kva såg dei som det verste ein kunne gjera? Kva var ikkje så farleg? Kva stilling gav lovene kvinner? Kor tidleg juss har vi vitnemål om? Korleis oppstod lovene? Vart jussen mykje endra av kristninga? Dette, og meir til, får du høyre om i denne episoden.
-
Vi veit vel mykje om norrøn mytologi? Tja, kanskje er det heller slik at vi veit litt, om dei viktigaste figurane. I dag skal vi snakke om nokre vi berre ser avtrykk av i kjeldene, eit fotspor eller to. Vi ser holet, der det ein gong har stått eit mytekompleks. Dette frustrerer, men kanskje får det oss til å sjå klårare kva tolkingsarbeidet går ut på. Og det er faktisk spennande å grava fram dei få detaljane vi har, prøve ulike tolkingsmulegheiter, og rive seg i håret. Stikkord: Gjevjon / Gefjon, Uppsala-kongane, Mälaren, Sjælland, Lejre, vane-gudane, kvinnemakt, jotun, Gnå / Gná, valkyrjer, Meile / Meili, Fårbaute / Fárbauti, Aurvandel / Aurvandill, Aurvandelstå / Aurvandilstá, stjernehimmelen, Høne / Hǿnir, Mime / Mímir, Ull / Ullr, Frigg.
-
Saknas det avsnitt?
-
I gammal tid var lyden i landskapet viktig. Folk utnytta lyden som berre var der, og dei utnytta landskapet til å skapa og forsterke lyd – for å kommunisere, og med rituelt føremål. Det kan dreie seg om plassering av hellemaleri og den slags, og om skikkar knytte til klangsteinar og dei underjordiske – heilt fram til vår tid. Kva inneber det at folk kalla ekko for dvergmål?
-
I vårt samfunn er det eit skarpt skil mellom religion og rettssystem. Men vi skal ikkje langt tilbake før vitne skulle sverja ved Bibelen. I førkristen tid var rettsstellet nært kopla til religionen. Lovene var gjevne av nornene, gudane søkte til tings når vanskar oppstod, og fredsavtalar kunne sverjast ved religiøse gjenstandar eller gudane, og dei juridiske leiarane var òg kultleiarar. Dette heng saman med eit evig spørsmål: Korleis kan du binde folk til å snakke sant eller oppføre seg slik dei seier?
-
Håvamål er eit av dei mest kjende eddadikta. Men kva er det for eit dikt? Kor gammalt er det? Er det dikta av éin eller mange? Kva var diktaren eller diktarane ute etter? Kvifor legg han / dei orda i munnen på Odin? Passar levereglane i diktet vår tid? Kor tidleg bør du eigentleg stå opp dersom du skal drepa nokon?
-
Kva skapningar måtte folk tilpasse livet etter i det førmodernejordbrukssamfunnet? Her ser vi på dette i naturmytiske segner frå ein region på Vestlandet. Det blir tunkallar og huldrefolk, magisk felespel og feite huldrekyr, stålkasting, flatbrødbrenning, pining av spedbarn, sensur, huldreelsk, schizofreni og utruskap, jordmor hos dei underjordiske og tjørekrossar over døra. Men kva funksjon hadde desse førestillingane?
-
Ty blir tradisjonelt oppfatta som gud for himmelen og dagslyset – fordi namnet knyter han til indoeuropeiske himmelgudar og ord for himmel. Men dei norrøne tekstane seier kanskje heller at Ty var krigsgud. Kan begge delar stemme? Ja, det ser ut som krigsgudrolla har samanheng med sola og vårjamdøgn. Vidare skal vi innom solslukande ulvar i eit vêrfenomen på himmelen, stjernebiletet Ulvekjeften, og fimbulvinteren på 500-talet. Ikkje minst blir det ei heilt ny forklaring av guden Vidar. Andre stikkord: Bisol / parhelion, krigsguden Mars, tidsrekning, vekedagsnamna, tysdag / tysdag, ringborger / trelleborger,Trundholmvogna / Trundholmvognen, Tysnes, Fenrisulven, Hyades, Auriga, stjernehimmelen, gandreið, solkross / solkors, klimakrise, astrologi, Mesopotamia, Týr.
-
Korleis oppstår ord? Kva slag tankegang og tankeprosessar ligg bak? Her skal vi gå gjennom ein haug med døme frå dei siste 5000 åra, opp til dagen i dag. Eller, dagen i fjor. Mekanismane er ganske like dei vi såg i stadnamn i episode 40.Innspela på Ås 7.3.2024.
-
Kva var ein horg i førkristen tid? Vi kjenner ordet frå fjellnamn og gardsnamn kringom i landet, men det var òg ein type kultstad og kultbygning i gammalgermansk religion. Kva det var for noko, har det vist seg vanskeleg å finne ut av. Eg gjev mi forklaring i ei vitskapleg bok som kjem ut no, og her får du høyre kva som står i den. Eg har undersøkt landskapet rundt alle stader som heiter noko medhorgi Norden for å finne det eg meiner er svaret.Figurane vi kommenterer i episoden, kan du sjå i pdf-en av boka, som ligg gratis på: https://www.idunn.no/doi/book/10.18261/9788215067810-25
-
Kvifor brende folk dei døde gjennom lange periodar av førhistoria? Kan vi forstå meir av det gjennom å studere likbrenning og tankegang rundt det i andre delar av verda i dag? Kva er mest respektfullt – å brenne liket, grava det ned, søkke det ned i vatn, eller leggja det ut til åtselfuglar? Opnar den eine eller andre måten for fleire rituelle og symbolske mulegheiter enn andre? Terje Østigård har granska kremasjon i Asia i dag, og tolkar kremasjon i førhistoria vår i lys av det.
-
I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange i dag som kjenner ganding som ei form for trolldom, som særleg blir tilskriven samane. Å gande skal vera heilt abstrakt å kaste vondt over nokon. Då har det endra seg veldig frå gand i mellomalderen, som er dagens tema. Då var ein gand fyrst og fremst ein trolldomsutsending, gjerne i dyreham, som skaffa opplysningar eller slost med andre gandar. Men faktisk var gand eit kryssingspunkt for mange kompleks av førestillingar.
-
Korleis heldt folk styr på klokka før dei hadde klokke? Korleis såg arbeidsdagen ut? Når kom 24-delstimen? Kva rolle spela stjernehimmelen som klokke? Visste folk kor gamle dei var før det fanst prestar som skreiv det opp i kyrkjeboka? Kor langt historieperspektiv hadde folk? Kva er tanken bak dei ulike nemningane vi brukar i omtale av tida? Og – finst det heilt andre tidsoppfatningar enn vi har?
-
I dag har vi ei tidsrekning som er globalt synkronisert på hundredelssekundet, og vi meiner universet er 14 milliardar år gammalt. Men det finst naturfolk som ikkje har tidshorisont på meir enn nokre månader. Korleis var det her i Norden i førkristen tid? Kva slag tidsoppfatning hadde folk? Korleis delte dei inn året, og korleis heldt dei styr på høgtidene sine Dei tykte det nok det var ergerleg at sola og månen var i utakt. Kva gjorde dei med det? Og kvifor har veka sju dagar?
-
I samisk kultur har dei rituelle trommene stått sentralt og hatt stor symbolverdi. Å få konfiskert eller uskadeleggjort dei vart ei hovudsak for misjonærane på 16-1700-talet, og i dag er det krav om å få tilbakeført gamle trommer til samiske miljø. Men korleis vart trommene brukte i den gamle kulturen? Kva rolle spela dei? Og kva opplysningar har vi eigentleg om desse tinga? – Innspela i HVLs Medielab 22. oktober 2024.
-
Biletteppa frå Oseberg-funnet er fascinerande på mange måtar. Det er sprøtt at dei har overlevd i jorda i over 1000 år. Konserverings- og rekonstruksjonsarbeidet er imponerande. Scenane ein har klart å få fram, gjev eit eineståande gløtt inn i førkristen førestillingsverd. Men det som slår meg mest, er kor tungt vi har for å forstå det vi ser. Det kan minne oss om at fortida er eit framandt land. Korleis tolkar vi eigentleg fortida? Fleire stikkord: Gravferdsprosesjon, svart katt, hekser på kosteskaft, seiðr / seid, Gislesoga, Överhogdal, Hekneveven, Darraðarljóð / Darradarljod, oppstadvev, skjolddikt, Gudrunkvida / Gudrunkvadet, hengings-scenen hos Adam av Bremen, Håvamål, vardøger / hug / fylgje, dyreham, skjoldmøy / kvinnekrigarar, Bodvar Bjarke, oljelampe, Heimdall, Tåtten om Gunnar Helming, store forteljingar, Snoldelevsteinen, tolkingsmetode.
-
I eddadiktet Skirnesmål får guden Frøy sjå ei møy heilt borte i jotunheimane. Ho heiter Gerd, og Frøy blir så forelska at han får ein knekk. Han sender tenaren sin, Skirne, for å fri til henne. Skirne lokkar Gerd med makelause skattar, men ho vil ikkje. Han trugar henne med våpen, før han går over til forbanning. Fyrst når han trugar henne med uuthaldeleg lyst som ikkje kan sløkkast, gjev ho seg. Men Frøy hadde gjeve frå seg sverdet sitt, og kvifor reiste han ikkje sjølv? Er han i grunnen ein tufs?
-
Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og nyttige den dag i dag. Faktisk kan vi, i gammal tradisjon, laga nye og nyttige vêrmerke baserte på skyfenomen som ikkje har eksistert før (!). Andre stikkord: Vêrmerke / værtegn, meteorologi, segling, gandreið / ganfer / gandferd, bisol / parhelion, primstaven / runstaven, katolske messedagar, merralår / linseskyer, parodi, stjernehimmelen, Ørnulf Hodne, romarane, Langfjella / Kjølen, tabu, hundedagane, Sirius, Egypt i antikken. Innspela i Rissa 21.09.2024.
-
Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg bygdeborg éin ting? Andre stikkord: Tanemsåsen, Hoøya i Selbusjøen, Ytraberget i Hafrsfjord, Lisjstenen, Vardåsen, Tjuvenborgen / Tjuvenborn, Steinberget i Eidfjord, Stein, liminale stader, Sverresoga, Snorre Sturlason, Bornholm, Odensala prästgård, Oluf Rygh, Michael Olausson, Hanne Lovise Aannestad, Anders Bornfalk Back, Tirpitz, Maginotlinja.
- Visa fler