Avsnitt
-
Korleis skal Hallingdal kome seg vidare etter Hans herjingar? I Nesbyen tek dei folkevalde ei kontroversiell avgjerd for bygdas framtid.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Store delar av Nesbyen ligg under vatn når Hans og regnet endeleg gjer seg. Så høg flaum har ingen i bygda opplevd før. Men det er fyrst når vatnet trekk seg tilbake ein verkeleg kan sjå skadane. Og dei er verre enn mange trudde.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Saknas det avsnitt?
-
Då Meteorologisk institutt sende ut raudt farevarsel sundag 6. august 2023 og Hans var på veg, var det få som kunne føresjå dramaet som kom til å hende i Hallingdal få dagar seinare.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Espen og Bent tek fatt på ein omfattande etterforsking og det kjem til å ta lang tid før dei kjem i mål. Etter kvart dukkar det opp spor av betyding for eit langt større ran.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Fredag 13. desember 2002 stoppar ein stor svart bil utanfor Hemsedal Sparebank. Ut kjem to personar kledd som skituristar, og ein av dei har ein pistol. Høyr den dramatiske historia då organisert ranskriminalitet kom til ein bygdebank i Hallingdal.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Fredag 13. desember 2002 kjem kriminelle frå Oslos ransmiljø til ein bygdebank i Hallingdal. Røyndas neste podkast, Bankranet i Hemsedal kjem snart.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Påska 1994 blir Jan Robert og Ole Steinar tatt av eit stort snøskred. 130 personar er med å leite etter dei to tenåringane som er borte snømassane. Familie, vener og sambygdingar klamrar seg til håpet.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Historia om då Olav Thon, ein av Norges rikeste menn, kom til vesle Flå i Hallingdal og snudde opp ned på alt.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kven var eigentleg Roger Kjetså? Vener og familie reflekterer over livet han levde fram til tragedien. Jacqueline Tufto har kjempa seg gjennom tøffe år, og fortel om korleis ho vil huske mora, faren og veslebror som vart ofre for skota til ein nær familieven.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Lars Henrik Haugerud kjempar ein tøff kamp for å ta kvardagen tilbake etter å ha overlevd seks AG3-skot i kroppen. Nadia Houmid møter kvardagen att, og politibetjent Petter Braaten tek grep for å samle ei splitta bygd.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Geilo vaknar til nyheita om at tre lokale menneske er drepne i ei skytetragedie. Vener finn saman, media bankar på dører og politier må handtere kritikk. Og korleis taklar Roger Kjetså sine næraste å få beskjeden om kva han har gjort?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Etter ein krangel på sin eigen bursdagsfest kastar Roger Kjetså venene sine på dør. Ikkje lenge etterpå startar skytedramaet som skal ende med fire tapte menneskeliv. Personar som var til stades fortel om den mørkaste kvelden på Geilo.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Christian, Erling og Ivanilda Tufto vart drepne på Geilo i 2002. Men kven var dei eigentleg? Og kvifor vart dei rekna som familie av så mange i den vesle bygda? Historia om den livlige familien som flytta frå Brasil til Geilo er der det heile startar.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Snart kjem Hallingdølen sin podkast om Trippeldrapet på Geilo.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.