Eg er psykolog Kristina Stokken, som startar AS og dokumenterer dette. Lektor Lars Sveinung Lid har eige studio i løa, og erfaring med enkeltpersonforetak. Han er såleis ein teknikar som heldigvis sa ja til å bli med i podcasten som samtalepartnar i tillegg.
Podcasten handlar om prosessen med å starta for seg sjølv, og utviklinga framover. I tillegg vil me snakka om ulike psykologiske tema. Her vil det bli tatt opp tankar, følelsar, utfordringar og forslag til løysingar. Følg meg på vegen, og kanskje du lærer noko eller blir inspirert til å starta di eiga bedrift!