Avsnitt
-
I denne episoden møter du Torben Dyhr-Nielsen, som òg er Cathrine Dyhr-Nielsen. Torben er transperson, og deler si erfaring med dette både privat, i jobbsamanheng og offentleg på sosiale medium. Han deler òg noko om det å ha bipolar liding. Torben jobbar i NAV, med blant anna inkludering og mangfald i arbeidslivet. Han har òg nyleg starta eit foretak der han jobbar som foredragshaldar. Der brukar han seg sjølv og si historie for å inspirera fleire til å jobba for mangfald på arbeidsplassen. Høyr episoden og få tips til korleis du kan bidra til meir inkludering og mangfald. Det har vist å lønna seg!
Du finn Torben/Cathrine på LinkedIn!
Du finn meg på:
Instagram: @psykologstokken
Facebook: Psykolog Stokken
LinkedIn: Kristina Stokken
www.psykologstokken.no -
Saknas det avsnitt?
-
I denne episoden snakkar eg om korleis det går med meg. Me er innom oppbygginga av både det å jobba for meg sjølv og helsa mi. Eg deler om min første time på DPS, som var i slutten av august. Det gjekk ikkje heilt som eg hadde håpa på. Me snakkar om motivasjon, spørsmål om eg er på rett plass og det å vera her og no. Eg har òg byrja å få hjelp av ein mentor innan marknadsføring og merkevarebygging. Dette gjer at eg føler meg mindre aleine rundt idéar, val og kva som er lurt å gjera. Høyr episoden, og gje meg gjerne ei tilbakemelding om kva du synes.
Du finn meg på
Instagram: @psykologstokken
Facebook: Psykolog Stokken
LinkedIn: Kristina Stokken
www.psykologstokken.no -
I denne episoden er Linn Therese Solheim gjest. Ho fortel ope om sin eigen erfaring og oppleving av det å vera utbrent. Ho deler om korleis ho hadde det og kva ho har gjort for å få det betre. Ho snakkar om kva ho har lært og kva ho gjer for å ungå å bli utbrent på nytt. Me snakkar òg om kva som kan vera grunnar til utbrentheit, kva symptom du kan få og kva som kan hjelpa. Linn Therese fortel om jobben ho no gjer for å spreia kunnskap for å å hjelpa andre å unngå utbrentheit og coaching-bedrifta ho har starta for å hjelpa deg som er utbrent.
Du finn Linn Therese på Instagram under namnet @linnyslivsstil.
Treng du hjelp kan du kontakta meg på tlf. 97629092 eller bestilla time på www.psykologstokken.no.
Følg meg gjerne på:
Instagram (@psykologstokken)
Facebook (Psykolog Stokken)
Linkedin (Kristina Stokken) -
Roger Birkelund, eigar av Vestland villaservice, er gjest i denne episoden. Me snakkar om korleis arbeida med visjon og verdiar for bedrifta. Roger fortel om familieverdiar og korleis han prøver å tilrettelegga for seg sjølv og dei tilsette, så dei kan kombinera jobb med familieliv. Lars Sveinung synes det heile minna han om Kardemomme by, og gav Roger eit nytt kallenamn i løpet av innspelinga: Politimester Bastian.
-
Det er på tide med ei oppdatering av korleis oppbygginga av denne private praksisen går. Eg deler frå dei siste månadane, både nedturar og oppturar, tankar og følelsar. Me snakkar om at det er tøft å starta opp, og at eg synes det er utfordrande å byggja opp praksis samtidig som eg byggjer opp meg sjølv etter vanskelege opplevingar eg har hatt. Me snakkar om målgruppe, frykt for avvisning og at psykologar òg er menneske som kan ha det dårleg og kan trenga hjelp. Lars Sveinung har vore sakna i eit par episodar, og han svarer på kvifor.
-
I denne episoden har eg med psykolog Sissel Garnes som gjest. Sissel jobbar i PPT, der me var kollegar for fleire år sidan. I tillegg har ho starta sin eigen privat praksis nyleg, der ho blant anna har samarbeid med Bergen Sportsmedicine and Rehabilitation. Sånn eg kjenner Sissel er ho smart, samfunnsengasjert, ivaretakande og glad i humor. Sissel har òg fysisk funksjonshemming. Me snakkar om utfordringar og haldningar dei med fysisk funksjonshemming kan møta i samfunnet, og me snakkar om diskriminering. Vårt interessefelt psykologi blir drøfta, og Sissel deler kva ho brenn for. Til sist deler me begge korleis det er å starta opp privat praksis, og finn ut at me har nokre av dei same følelsane og tankane rundt dette.
-
Malin driv sitt eige selskap, og deler opent om si gründerreise. Me snakkar om den mentale belastninga ved å vera gründer. Du får høyra om oppturar og utfordringar i bedrift og i livet, og Malin deler korleis ho taklar vanskelege ting. Me snakkar om personleg utvikling, å ta vare på deg sjølv og korleis henta deg inn når du er overvelda. Malin er halvt norsk og halvt samisk, og du får høyra om fleire av forfedrene hennar si historie og kva Malin har med seg frå desse. Malin fortel om opplevingar i livet som har bidratt til å gje ho den styrken og roen ho har i seg sjølv i dag.
Du finn Malin blant anna på Instagram under namnet @malinpaavesolberg.
Om du treng nokon å snakka med, hjelp til familien, hjelp i barnvernssak eller ved ønske om samarbeid kan du finna meg her:
Nettside: www.psykologstokken.no
Instagram: @psykologstokken
Facebook: Psykolog Stokken -
Me snakkar om økonomi, budsjett og sparing. Eg fortel om kva eigenkapital eg hadde til å byrja med, og små og store grep eg har gjort for å kutta ned utgifter privat før eg kan byrja å ta ut løn. Eg fortel om kontakten eg har hatt med NAV, kvifor eg har fått null kroner i støtte frå NAV sidan desember 2021 og håpet mitt for å få dagpengar no framover. Eg snakkar òg om to moglegheiter til å sleppa karenstid i NAV om du seier opp jobben sjølv.
Om du treng nokon å snakka med, hjelp til familien, hjelp i barnvernssak eller ved ønske om samarbeid kan du finna meg her:
Nettside: www.psykologstokken.no
Instagram: @psykologstokken
Facebook: Psykolog Stokken -
Alexander Carlsen starta for seg sjølv hausten 2021. Han har erfaring og kompetanse innan pedagogisk rettleiing og pedagogisk psykologi, og driv med rettleiing, kurs og foredrag. På Instagram deler han generelle tips, i tillegg til eigne erfaringar med blant anna ADHD og fødselsdepresjon. I denne episoden snakkar me om prøverør, fødselsdepresjon hjå menn og styrkar og utfordringar med å ha ADHD når du driv for deg sjølv. Alexander deler òg nokre startegiar for å hjelpa deg sjølv om du har ADHD, og råd for parforholdet.
Søk opp Alexander Carlsen om du ønsker å følgja han eller koma i kontakt med han.
Nettside: https://carlsen-veileder.com/
Instagram: @adhdhode
TikTok: @adhdcarlsen
Ta kontakt med meg om du treng nokon å snakka med, hjelp til familien eller ved ønske om samarbeid.
Nettside: www.psykologstokken.no
Instagram: @psykologstokken
Facebook: Psykolog Stokken -
Tobby Sander Tomassen har vore marknadssjef for Business region Bergen og for Visit Bergen. No er ho dagleg leiar i selskapet Osterøy utvikling. Me snakkar om kva kvar grundarar i Noreg kan ta kontakt for å få hjelp, kva som kan vera grunnar til konkurs, forretningsplan, nettverksbygging og bærekraftsmål. Me snakkar òg om idèmyldring/design thinking, og om det å heia på kvarandre. Eg er så imponert over denne dama at eg berre skal byrja å kalla ho "Grunderkviskraren" (eller Grunderhviskeren for deg som likar den varianten). Del eller legg igjen ein kommentar om du likte episoden.
Ta kontakt med meg om du treng psykologhjelp, nokon å snakka med eller ved ønske om samarbeid.
Nettside: www.psykologstokken.no
Instagram: https://www.instagram.com/psykologstokken/
Facebook: https://www.facebook.com/profile.php?id=100077116670055 -
Inspirasjonsartist Linda Fosse er den første gjesten i denne podcasten. Linda deler opent, og me snakkar om å halda seg sjølv tilbake, tankesett, korleis møta motgang og å våga å følgja draumen.
-
I denne episoden snakkar me om korleis ein kan gå fram for å fastsetja prisar på tenester/produkt, og kva eg har tenkt på og gjort i den prosessen. Eg får litt prestasjonsangst, men deler kva eg seier til meg sjølv for å hjelpa meg å stå i det. Eg fortel om korleis eg fekk veta at bedriften var ferdig registrert i Brønnøysundregisteret, korleis eg då heiv meg rundt for å få på plass alt eg trengte for å vera klar til å ta imot klientar. I tillegg fortel eg om ein draum eg har.
-
Det er ikkje berre enkelt å starta for seg sjølv. Eg deler tankar og følelsar knytt til denne prosessen, som redsle for kva andre tenker om meg, redsle for Bygdadyret og tankar knytt til Jantelova. Lars Sveinung deler sine tankar, og finn ut at eg er redd for damer. Eg snakkar om kva eg gjer og seier til meg sjølv for å snu tankane, og støtta meg sjølv til å stå i det når det blir vanskeleg.
-
I denne episoden er tema forskjellar mellom enkeltpersonforetak og aksjeselskap. Om fordelar og ulemper ved begge, som personleg ansvar, sosiale rettar, skatt, arbeidsgjevaravgift og anna. Eg snakkar òg om kvifor eg har valt AS, og kor langt eg er kome i prosessen med å starta selskap. Lars Sveinung deler erfaringar med å ha enkeltpersonforetaket Lidlyd.
Kjelder:
https://www.altinn.no/
https://www.brreg.no/
https://www.bnbank.no/bedrift/enkeltpersonforetak-eller-as/ -
Kristina sin prosess med å bestemma seg for å starta for seg sjølv, og stifta AS. Lars Sveinung deler erfaringar med enkeltpersonforetak. Tankar om oppstart, korleis få klientar/oppdrag og korleis driva for seg sjølv.
Google SEO og markedsføring for å læra meir og for å finna selskap du kan leiga inn til å hjelpa deg med dette.