Avsnitt
-
... Har Øyvind oppdaga sin nye favorittsjanger? Er det eigentleg eit "Generator-party" - miljø i Ottadalen? Er Ola på på tynn is når Sun&Sail Club får raus omtale? Denne vekas band er sjølvaste Kyuss: pionerane inna Stonerrock/Ørkenrock! Og ikkje minst: kva sang var det Blaze prøvde seg på i dag? Bli med i konkurransa på pallplass.rossehaug.no. Vinylplate av sjølvaste Anal Bros er premien!
Kåre PallPlassen er gjest og Kyuss-entusiast
-
PALLPLASS is back (in black)!
Det er altså klart for ei ny episode med Pallplass. Ei heil veke sidan sist! For lengje seier nokon, for stutt seier andre. AC/DC står på menyen i denne episoda og i den anledning har vi henta inn spisskompetanse på skotsk-australsk RÅKK, nemleg Magnus Al Lilleengen – kjend frå Død Drøm og Black Ice.
Kva er det som gjer AC/DC så bra? Er Fly on the Wall eit undervurdert album? Kva har vel ei symaskin med dette bandet å gjera? Bon Scott eller Brian Johnson? Eller kanskje Dave Evans? Eller Axl Rose? Rudd, Wright eller Slade? Er musikken kunst eller oppskrift og samlebånd? Og kva plater hamnar eigentleg på pallplassen til Ola, Bjarte, Øyvind og Magnus i denne rykande ferske episoda av Pallplass?
-
Saknas det avsnitt?
-
Det er teknisk death metal som er i fokus i vekas episode med Pallplass. Sjangerpionerane i Atheist skal på pallen denne gongen, og det er ikkje berre enkelt å rangere plåtene deira. Kva gjorde Atheist så spesielt? Kvifor blei ein tilskodar bore ut av Rockefeller når dei varma opp for Candlemass? Er det Ola, Bjarte eller Øyvind som er linselus på live-DVDen frå Wacken i 2006? Kva var favorittplåta av Atheist hjå kvisshaldaren på Scream-bussen til Wacken i 2006? Er Tony Choy god på bass? Kva var Chuck Schuldiner sitt syn på innoative Atheist? Er platene eigentleg gode, og kven av dei kjem seg på pallplass?
-
Øyvind er på øyrevakstransplantasjon i Folldal, og i hans fråver er det duka for festivalSPESIAL i episode 10 av Pallplass. Gjestar i dag er Ståle Rønningen frå Lillehammer Rock og Ove Lilleengen frå SotDur. Felles for gjestane er at dei står bak to feite festivalar i Gudbrandsdalen. Korleis starta desse festivalane opp? Er det eigentleg god line-up på desse festivalane? Kva står i spelaren til Ove og Ståle for tida? Kva er draume-line-up på ein festival? Er The Quill eit undervurdert band? Er Saffire Sveriges - for tida - beste band? Kvifor bør du reise på Lillehammer rock eller SotDur? - Dette og meir til får du svaret på i episode 10 av Pallplass!
-
Thrash-pionerane i Slayer skal gjennom nålauga i episode 9 av Pallplass. Kva plater er eigentleg verdige av Tom Araya og kompani? Kva har Ola, Øyvind og Bjarte høyrt på sidan sist? "Stjal" Metallica feil gitarist frå Exodus i si tid? Kvifor hadde Tom blått auga under ein turne midt på 80-talet? Har Slayer spelt nu-metal? Er Divine Intervention eit oversett album? Lombardo eller Bostaph? Og ikkje minst: kva låt blir framført av Blaze Bayley-kopien Ola i denne episoda?
-
Ein kjem ikkje utanom gigantane i Metallica når ein har metalpodkast. Få band har vore meir definerande og hatt kommersiell suksess av den storleiken som Metallica har hatt! Men har dei gode album, eigentleg? Og kva album strevar seg opp på pallplassane? Er LuLu ein undervurdert juvel? Er Load det beste Metallica-albumet? Kven spelte bass på St. Anger? Har Lars Ulrich vore på hytteferie i Vågå?
Dette og meir til får du fylt øyregangane dine med i episode 8 av Pallplass, når det er Hetfield og Ulrich med kompani som er samtaletema. Nyt!
-
Øyvind er på spa- og hårsekkbehandling i Øystese og i hans fråvêr har vi lånt ut mikrofonen til sjølvaste Marius Haugaløkken, drivar av Gjendesheim og festivalvert for den nye, kolossale metalfestivalen Tons til fjells - ein avart av Tons of rock-festivalen.
Korleis blei festivalen til frå idè til realisering? Kva har stått i spelaren til Marius i det siste? Kva har festivalverten til felles med Jesus? Kva er dei beste låtane til Ghost?
Dette og meir til får du i denne spesialepisoda med Pallplass der Tons til fjells er hovudtema!
-
Kva plater kjem på pallplassen når Motörhead, med legendariske Lemmy i spissen er tema i episode 6 med Pallplass? For å finne ut av dette må Ola, Øyvind og Bjarte ha med seg førstemanuensis i Motörhead - Kåre Plassen. Nyt!
-
I episode 5 av Pallplass er det forfedrane av heavy- og doom metal som skal på pallen. Kva era av Sabbath er best? Er Ian Gillan den beste Sabbath-vokalisten? Kva har Black Sabbath med italiensk skrekkfilm å gjera? Kva album snik seg på topp 3 hjå Ola, Øyvind og Bjarte? Dette og meir får du svaret på i episode 5 med Pallplass!
-
Judas Priest. Sjølve opphavet og definisjonen på Heavy Metal. Ein sjangerinstitusjon utan like. Eller er dei? Er Live Vengeance ´82 oppskrytt? Er Dave Holland ein undervurdert trommis? Er musikken eller omslaget best på Point of Entry? Kva er topp 3 plater av britane? Dette og mykje meir får du med deg i episode 4 av Pallplass!
-
Kva er topp 3 plater av Iron Maiden? Er Blaze Bayley eigentleg ein god vokalist? Er bassintroane til Steve Harris eigentleg bra vals? Korleis gjekk det med symjekarriera til Øyvind? Dette og mykje meir får du svaret på i episode 3 av Pallplass!
-
Kolossale Megadeth med sin 17 platers store diskografi, blir dissekert av trioen RossMoe. Klarar dei å finne kva plater som får pallplass?
-
Legendariske Death med sin uslåelege diskografi er tema i episode 1 av PALLPLASS.