Avsnitt
-
-Mange spørsmål er uløyste for oss, men det kjem ein dag når me skal få greie på det, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar hjå "Odd i Krånå": Inge Kallestad
-
Du får historie om brann i jernbanevogner, forlis langs Jærkysten og eit hønsehus som blei til bedehus når Odd Dubland fortel frå gutedagar på 1940-talet, i høve årsdagen for frigjeringa 8. mai 1945.
-
Saknas det avsnitt?
-
-Han som dei hadde sett heile sitt håp til var no død. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til forvirra, fortvilte og sørgjande læresveinar etter Jesu død på korset.
-
Læresveinen Peter hadde store opplevingar i lag med Meistaren, men er også kjent for sitt svik. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram denne dramatiske soga frå eit levd liv.
-
-Eg har ikkje lyst å vera ein gammal sur mann som tenkjer på at alt var betre før, men eg lurar på om applausen, som me har så mykje av i vår tid, av og til er litt malplassert. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland snakkar om applaus i denne drøsen frå Krånå.
Programleiar: Inge Kallestad
-
Familien måtte flykta og mista fleire av sine kjære. Kva gjorde det med forholdet til Gud? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til ein svær historie i ei lita bok i Bibelen. Denne episoden blei første gong sendt i 2014.
Programleiar: Inge Kallestad
-
-Det er nokon svære ord som er ufatteleg å forstå for oss. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland stansar for påska sitt budskap.
Programleiar: Inge Kallestad
-
Kva er ein helt? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om ein engelskmann som levde på 1300-talet og som stod opp for Bibelen.
Programleiar: Inge Kallestad
-
Kven er Jesus? Det spørsmålet samla kyrkjeleiarar i år 325 etter Kristus. Kyrkjemøtet i Nikea i dagens Tyrkia gav oss det som i dag blir kalla "den nikenske trusvedkjenninga". Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjev oss ein liten historieleksjon.
Programleiar: Inge Kallestad
-
-Asaf er veldig personleg og ærleg i denne salmen, seier forkynnaren og kunstnaren Odd Dubland. Han tar oss med til Salmenes bok i Bibelen, og Salme 73.
Programleiar: Inge Kallestad
-
Her får du historien om den svenske prinsen som var predikant og den tyske grevinna som blei kristen songforfattar i sitt korte liv. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel historiar som fortel at me alle stillar likt når det gjeld vårt forhold til Jesus Kristus.
Intervjuar: Inge Kallestad
-
Då unge Odd var inne til militærteneste fann han ein tittel i eit blad som han hengte opp i skapet sitt i brakka. Kva kunne dei orda betyr for livet? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel.
Programleiar: Inge Kallestad
-
85 åringen Odd får i dag spørsmål om å vera utlærd. Han tar nemleg fram ord frå Bibelen om å "veksa i nåde og kjennskap til vår Herre og Frelsar Jesus Kristus". Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland i samtale med programleiar Inge Kallestad.
-
I år er det 1000 år sidan kristenretten vart sett på Moster på Bømlo. Men kva er kristenretten og kva betydde den? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel.
Programleiar: Inge Kallestad
-
-Evangelisten Lukas var opptatt av at det han skreiv var truverdig, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
-
Kva hendte med dei vise menn som leita etter kongen og kva kan historien læra oss? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til Matteusevangeliet. Han tar også fram eit visdomsord i samband med sin 85 års dag 10. desember.
Programleiar: Inge Kallestad
-
-Det må ha vore veldig mykje spenning i denne heimen, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til historien om Maria og Josef, som blei foreldre til Guds eigen son.
Intervjuar: Inge Kallestad
-
Det blir rollebytte og livshistorie i dagens drøs med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. I denne episoden intervjuar han programleiar Inge Kallestad.
-
To nesten like ord på to ulike gravstøtter med ganske så ulik betydning. Det er utgangspunkt for denne praten med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
-
Kvar er spora etter far min? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til Vigelandsparken i Oslo og eit fjøs på Jæren.
- Visa fler