Avsnitt

  • Andre gjest i Leselaget er forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord. I podkasten fortel ho om forholdet sitt til russisk litteratur. Ho hugsar spesielt godt møtet med Lev Tolstojs Krig og fred. Ho elska den! "Det var ein skikkeleg ‘page turner’ for meg. Den kan eg hugse levde med meg på ein ferietur, der eg kvar dag var halvvegs i Portugal og halvvegs i 1800-talets Russland. Ei fantastisk leseoppleving. Eg er jo frå Finnmark, og føler at det er nokre overlapp i kultur. At eg ofte kjenner meg igjen i den russiske veremåten."


    Nikolaj Leskov hadde ho høyrt om, men ikkje lese før Leselaget tok kontakt. Lady Macbeth frå Mtensk er også ein ‘page turner’, meiner Nedrejord.

    "Det plar vere eit dårleg teikn i desse klassikarane med ei kvinne som kjeder seg." For hovudpersonen Katerina blir det ikkje eit eventyr der ho og elskaren Sergej lever lykkeleg alle sine dagar. Det blir eit blodbad. Og sjølv om Kathrine Nedrejord likte boka, og meiner Lady Macbeth frå Mtensk er både velskriven og spanande, så kjem ho med eit hjartesukk: - Eg kan bli litt irritert over at kvinnene i verdslitteraturen skal bli straffa så valdsamt for å ha begjær! Katerina gjer forferdelege ting, sjølvsagt. Men kvifor endar det hakket betre for Sergej? Kvifor har han fortent det?


    Nedrejord hadde ingen å snakke med om Krig og fred, den ferien ho var djupt inne i den historia. Derfor:

    – Det er bra det finst sånne ting som Leselaget, sånn at ein kan diskutere litteraturen, slår ho fast.


    Mot slutten av podkasten handlar det om Nedrejords eigen romanen Forbryter og straff, som har ein tittel som peiker mot eit anna russisk storverk frå litteraturhistoria. Denne roman blir no til teater på Det Norske Teatret.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Første medlem i Leselaget er forfattar Edvard Hoem. l podkasten fortel Hoem at han har lese mykje russisk litteratur, men ikkje Nikolaj Leskovs forteljing Lady Macbeth fra Mtensk. - Eg må tilstå at Leskov har gått meg hus forbi! Men eg vil avgjort seie at dette gir meirsmak. Det er ei kraftfull, for ikkje å seie brutal form for litteratur. Mykje blod og død i dette her.


    Hoem meiner at kvaliteten i forteljinga er at ein som lesar forstår kvifor det må gå så gale for hovudpersonen Katerina. Ho er fylt av kjærleik og sensualitet, men det er noko destruktivt i det. - Undergang og død ligg som eit lys over heile lidenskapen. Og det er eit paradoks, at det som skulle vere hennar sterkaste livskraft, blir ei destruktiv undergangskraft.


    Hoem meiner at det er ei sanseleg forteljing, og at det ikkje er tilfeldig at Lady Macbeth fra Mtensk blir teater. - Eg trur den på ein eller annan måte glir inn i den brutaliteten og lidenskapen som pregar vår tid. På godt og vondt.


    Edvard Hoem konkluderer med at Lady Macbeth fra Mtensk er eit stykke litteratur på høgt nivå. I vinter blir framsyninga basert på hans eigen roman Jordmor på jorda, vist på Det Norske Teatret. På slutten av podkasten snakkar dramaturg Ingrid Weme Nilsen og Hoem også om den romanen.


    Lytt til første episode av Leselaget med Edvard Hoem.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Saknas det avsnitt?

    Klicka här för att uppdatera flödet manuellt.

  • I podkasten Leselaget inviterer vi nokre av våre fremste forfattarar til å lese ein klassikar og snakke om den. Velkommen til Leselaget les Leskov!

     

    Forfattaranes forfattar?

    Forfattarane Linn Ullmann, Kathrine Nedrejord og Edvard Hoem er alle aktuelle med tekstar på Det Norske Teatret våren 2025. No har vi fått dei til å lese kortromanen Lady Macbeth fra Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov.

    Det blir sagt at Leskov er den mest russiske av alle russiske forfattarar. Ein språkets meister og blant de finaste forteljarane i russisk 1800-tallslitteratur. Men Leskov hamnar ofte i skuggen av dei store realistane som Dostojevskij og Tolstoj. Men blant dei russiske forfattarkollegane var han høgt skatta.

    Dramaturg Ingrid Weme Nilsen er programleiar for Leselaget, og i løpet av podkastserien skal ho undersøke om Leskov er «forfattaranes forfattar». Eller bør vi kanskje alle lese Leskov?

    Lady Macbeth frå Mtsensk er ei kort forteljing på ca. 60 sider. Men på desse få sidene får du ei uhyggeleg historie, full av stormande kjærleik, store svik og drap på rekke og rad. Og i sentrum av det hele står den unge, vakre kjøpmannskona Katerina Lvovna IZmajlova.


    Bli med i laget!

    Vi vil gjerne ha med deg i Leselaget også! Lady Macbeth frå Mtsensk er dessverre ikkje lengre mogleg å kjøpe på norsk i bokhandelen. Men du kan låne ho på biblioteket eller kjøpe boka på eit antikvariat. Ho ligg også gratis tilgjengeleg i digital versjon på Nasjonalbiblioteket sine nettsider: www.nb.no

    Våren 2025 speler Det Norske Teatret framsyninga Lady Macbeth, basert på teksten til Nikolaj Leskov. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.